Siste

Samskipnadsbøddelen

I over seksti år har studentane sjølve rådd over si eiga velferd gjennom velferdsorganisasjonar vi sjølve har finansiert, styrt og vidareutvikla. No går regjeringa inn for å endre på dette, og stiller krav om to tredjedels fleirtal i somme styrevedtak. Lovforslaget kan ikkje tolkast på noko anna vis enn som mistillit mot alle dei studentar som i fleire generasjonar har jobba for å skape samskipnadar av og for studentar.

Kristin Halvorsen skriv i førre utgåve av Studvest at samskipnadane framleis skal vere studentstyrte, og skundar seg dinest med å forklare kva ordet tyder. Det vert fort klart at eg og statsråden ikkje har den same oppfatninga av kva som ligg i omgrepet. Her følgjer mi forståing:

Den augneblunken studentane ikkje sjølve får avgjere korleis samskipnaden styrast, er ikkje samskipnaden lenger studentstyrt. So enkelt er det. Om Halvorsen får det som ho vil, skjer dette allereie om litt under éin månad – den 8. juni.

Halvorsen argumenterer for at med halve styret kan studentane framleis bestemme, for samskipnaden kan ikkje vedta noko utan å ha studentane med på laget. Vi har med andre ord gått frå ei ordning der studentar har fullt sjølvstyre, til ei ordning der studentar berre har vetorett.

Bakgrunnen for kravet om ei svakare studentstyring skal vere eit ynskje om at styra fattar trygge og sikre vedtak. Det finst per i dag, som Halvorsen sjølv har innrømma, ingen døme på at studentfleirtalet har vore utslagsgjevande i styresaker som i ettertid har vist seg å vere uheldige. Eg har lita forståing for at ein soleis vil sikre seg mot utrygge vedtak ved å kutte over sjølve berebjelken i studentsamskipnadane.

Den vidare samanlikninga av studentsamskipnadar og aksjeselskap framstår som endå meir absurd. Skal Sosialistisk Venstreparti stå i spissen for å avvikle eit lokalt, brukarstyrt, solidarisk fellesskap, med den grunn at det er slik ein gjer det i finansverda? Det heng ikkje på greip.

Halvorsen sitt forslag gjev ikkje ei større og breiare forankring i viktige avgjersler, men fjernar derimot heile forankringa samskipnadane har hatt i kraft av å vere studentstyrte. Eg forventar at statsråden tek til fornuft, og innser at samskipnadane ikkje på noko vis styrkast ved at ein høgg hovudet av studentstyringa.