Siste

Private studentbustadar

«Se for dere hva som skjer hvis private ikke lenger får bygge vanlige hus i Norge. Da vil det ta mye lengre tid å bygge hus, og det vil bli mye dyrere å kjøpe hus. Hvorfor har man da et slikt forbud på studentboligbygging?»

Spørsmålet kjem frå leiar av Fremskrittspartiets ungdom, Himanshu Gulati, og er noko som stadig dukkar opp i debatten om studentbustadar.

Har studentsamskipnadane monopol på studentbustadbygging?

Nei. Det er ikkje slik at samskipnadane på noko vis har monopol på studentbustadbygging. Kven som helst kan bygge bustadar og leige desse ut til studentar, anten dei er private eller studentsamskipnadar. Den store og viktige skilnaden er at samskipnadane mottek statleg støtte til bygging av bustadar øyremerka studentar. Studentbustadar er eit velferdsgode studentane sjølve rår over gjennom samskipnaden, og samskipnaden er studentane sin garantist for at overskotet ikkje skal ende opp i private lommer. Husleiga hjå samskipnaden representerer den reelle bukostnaden, og ikkje eitt øre vert teke i utbytte. Private er sjølvsagt velkomne til å ta utbytte frå studentar, men dei skal ikkje subsidierast frå statleg hald for å få høve til å gjere dette.

Byggast det nok?

Nei. Samskipnadane bygger kvart år dei tusen bustadane det vert løyvd midlar til, men ein har kapasitet til å bygge mykje meir. Grunnen til at det framleis står pengar på konto er at pengane regjeringa løyver til studentbustadbygging vert sendt ut i tre bolkar. Truls Wickholm (Ap) kunne på Dagsnytt 18 i dag (30.07.12) stadfeste at alle millionane som framleis står på konto er knytt opp mot prosjekt som er under oppføring. Her er det private initiativ altso heilt overflødig, og påstanden om at det å sleppe til private vil auke kapasiteten er falsk. Det som trengst er meir midlar til bygging, ikkje fleire om beinet i søknadsprosessen.

Bygger samskipnadane for sakte?

Her er det mange fargerike misforståingar ute og går. Det er private aktørar som bygger studentbustadar med samskipnadane som oppdragsgjevarar. Ingen av samskipnadane i Noreg har eigne byggefirma som ein del av den daglege drifta, og verken studentstyreleiar eller direktør slår inn éin einaste spiker. Eventuelle forseinkingar skuldast som oftast dei private utbyggarane eller den lokale kommunen, ikkje at samskipnadane er byråkratiske og sidrumpa.

Mangel på lokal satsing

Ein av dei største vanskane med studentbustadbygging er mangel på kommunal satsing. Ein er avhengig av billige tomter for å kunne bygge so billig som mogleg, og i motsetnad til å subsidiere private inntekter er det å gje billige tomter til samskipnaden å subsidiere studentar.

Studentane sine eigne ynskjer

Det er studentane som har fleirtal i samskipnadsstyra, og eit samla Samskipnads-Noreg står bak den noverande politikken om at statsstøtta studentbustadar er, og skal forbli, eit studentstyrt gode. Eg ynskjer FpU og dei andre ungdomspartia velkomne i debatten, velkomne på velferdstingsmøte, og ser fram til eit godt samarbeid i tida framover.